jul
02
2009
1

Ferieidyll!

Vi har vore ein liten tur i Ørsta, og på veg heim til Eidsvoll igjen tok vi ein avstikkar opp til Juvasshytta. Her oppe åt vi kveldsmat før vi køyrde vidare mot Eidsvoll.

Ein flott tur i nydeleg vêr! No kosar vi oss i sommarvarmen på Eidsvoll med bading, musikk og hagestell. Kan det verte betre?

(Bilete er på veg. Kranglar litt med mobilen akkurat no…..)

Written by Gunnhild Elisabeth Øierås in: Nyhende |
jun
16
2009
6

Med Sunnmørsposten til Melshornet

Søndag 14. juni inviterte Sunnmørsposten til tur på Melshornet. Fire ørstingar starta trøstig på vegen opp frå Volda. Vi ville i alle fall sjå kor langt vi kom. Det var mange andre kjende og ukjende som passerte Vi rusla oppover og prata med mange.

Ein pust i bakken på vegen opp mot dinglavatnet.

Ein pust i bakken på vegen opp mot Dinglavatnet.

Ruth på toppenRuth på toppen

Etter ei stund stakk to av mot toppen. To tok pause ved Dinglavatnet. På toppen var det fullt av folk. Mest som eit fuglefjell. Då kom telefonen Ei til var på veg mot toppen. Etter ei stund kom ho jammen strevande heilt opp. Flott prestasjon. Vi ser fram til fleire turar i sommar, men kanskje ikkje slett så lange og krevjande kvar gong.

Written by Øygunn Eiksund in: Nyhende | Stikkord:, , , , ,
jun
11
2009
2

Jentebølgja kom til Ørsta

Etter to og ein halv månad med grytidlege joggeturar har Øygunn endeleg gitt seg med å mase meg opp. Men litt resultat kan ein sjå. Sist helg var eg utskremd på songarstemne til Eide på Nordmøre. Då nytta ho høvet til ein springetur på eiga hand, men ikkje åleine. Ho og fire hundre andre tok seg gjennom fem kilometer med gater i Ørsta.  Ho seier at dette var første gang med startnummer. Sidan underteikna var bortreist, manglar bilete av hendinga. Her er i alle fall bilete av startnummer og medalje!

Startnummer 180 kom i mål

Startnummer 180 kom i mål

Written by Per Inge Liadal in: Nyhende | Stikkord:,
jun
08
2009
2

Om merkelappar …

Som dei faste lesarane av Eiksund.net kanskje har oppdaga, finns det ei spesialteneste for dei som ønskjer å leite i gamle nyheiter. Tenesta er derimot avhengig av deg som journalist for at ho skal fungere!

(mer…)

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord:, , ,
jun
07
2009
5

Gal dame på sykkel!

Lørdag den 6. juni var Anne Betty Sødal på det harde rittet: “Jenterittet” på Røros. Med en dårlig startposisjon gjorde hun det godt i opphentingen av de andre.

Etter en kort periode på sønnen’s terrengsykkel kom Anne Betty Sødal fredag den 5.6. til Røros. Dette løpet hadde hun sett fram til med skrekk. Debuten gikk greit. “Det føltes fantastisk å sette seg på setet etter å ha gått de lange oppoverbakkene. For første gang i karrieren føltes det deilig å sette seg på setet” sier hun i en pressemeldig. Grunnen til at hun ville sykle det 54 km lange rittet, var at treningkollegaen Kristin Spilker skulle. Sportsdirektøren i Ramme Alvor SK vil sende inn klage til arrangørene pga. dårlig merking av løypene og ikke god nok resultatservice.

Anne Betty Sødal innrømmet for Eiksund.net at hun ikke hadde forbredt seg godt nok: “Jeg har ikke forbredt meg godt nok, dette var min første tur i terrenget i år “. En hel sykkelverden er sjokkert over uttalelsen. Anne Betty falt to ganger i løpet av rittet, og det er i det meste laget ifølge Anonym sykkelhelt. Den ene gangen var det visstnok pga. en kalv. Vi er ikke helt sikre.

Terningkast 4

SKREVET AV: TOBIAS EIKSUND

EIKSUND.NET’s TOPPJOUNARLIST

Written by tobias in: Nyhende | Stikkord:, , ,

Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com