sep
23
2009

…og så tek vi av mot Syden

(Volda:) Med seks veker farskapspermisjon til overs og Kristin med eit arbeid som høver for heimekontor, tek familien i Nesavegen turen til Gran Canaria denne hausten. Ungane (dei tre største av dei) skal gå på den norske skulen i området (www.colegio.no), medan Sigurd og pappaen skal vandre kvilelaust omkring blant solfylte strender og slitne kaffibarar.

Valet fall enkelt då leiinga ved skulen i Arguineguin ringde og spurte om vi var villige til å skrive inn nokon elevar hos dei ei stund. Vi skal bu på skuleinternatet, kjenner alle kontaktlærarane på førenamn og er familiære med kanariske forhold, så for oss blir ikkje dette meir dramatisk enn å flytte til Ørsta (frå Volda) 😀 Men litt varmare i veret blir det jo 😉

Skulle nokon få lyst og høve til å besøke oss i løpet av hausten, er de hjarteleg velkomne! Vi blir verande i Syden mellom 28. september og 7. november.

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , , , , ,

3 Comments

RSS-straum for kommentarar til denne saka.


Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com