mar
26
2010

Verdas vakraste jente

Ester Sofie

Ester Sofie

Laurdag 20.mars syntes veslejenta vår, Ester Sofie, at ho hadde venta lenge nok. Kl 10.07 trekte ho sitt første andedrag i friluft. Ho vog 3495 gram og var 53 cm long.

Etter nokre minutt på på brystet til mor, fekk pappa halde henne litt, før vi vart innlosjerte på barselavdelinga på St.Olav alle tre. Her fekk vi bo til onsdag, medan foreldra fekk intensiv opplæring i barnepass, stell og mating. Sidan onsdag ettermiddag har vi tatt livet med ro på Othilienborg. Dagane går med til mating, soving og stell. Sveinung har fått to veker fri frå jobben så familien får vere sammen til etter påske. Det synes vi er godt alle tre. Førebels har vi oppdaga følgande karaktertrekk; punktligheit (ho kom på termindato) og tolmod (overberande med førebels urøynde foreldre).

Her er nokre bilete av verdens hittil vakraste baby, (vurdert av ein 100% nøytral far…). Nokon som dreg kjensel på noko?

Written by Sveinung Øystein Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , ,

8 Comments

  • Nydeleg jente! Det er det ikkje vanskeleg å vere einig i iallefall! Eg er skikkelig dårleg på å kjenne igjen likskapar og trekk frå familie, men ein vakker liten skapning er det iallefall! Gratulerer igjen til alle. PS. flott og nydeleg namn også. Godt komt på!

  • Olav Joakim Eiksund sier:

    At Ester Sofie er verdas vakraste akkurat no, er vi samde i.Det var fine bilete. Vi gler oss til å sjå dykk alle tre live i påska.

    Bestemor og bestefar i Ørsta.

  • Øygunn Eiksund sier:

    Fint å få sjå fleire bilete. God Påske til alle tre.

  • Vi er heilt einige i den stolte pappan si vurdering, Ester Sofie er heilt til å ete opp! Og sidan du spør synst vi ho liknar på Sigurd då han vart fødd 🙂

  • Anne Betty Sødal sier:

    Den fabelaktige var både liten, lang og vakker på en gang. Veldig nyfødt forrige søndag, vi har bare sett og ikke rørt. Nå kommer vi snart en tur for å holde henne også.

  • Sveinung Øystein Eiksund sier:

    Velkommen skal de vere Anne Betty. Det er mogleg vi snart kan bli klar for å la andre halde henne bitte litt…;-).

  • Synnøve Eiksund sier:

    Nydeleg lita jente! gler oss til å få sjå henne på nært hald, og bli itt kjende med henne!

  • Ei veldig vakker lita prinsesse! Vi kjem nordover heile gjengen mot slutten av april (cirka 23. april) i samband med at Kristin og eg skal vere med å arrangere konferanse i byen. Håper de er der då, så vi får sjå på vidunderet!

RSS-straum for kommentarar til denne saka.


Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com