apr
10
2009

Bergensbesøk hos to brødre som ikkje er brødre

Bryggen i Bergen står der fortsatt

Bryggen i Bergen står der fortsatt

Palmehelga reiste vi, Eli Johanne og Sveinung, på Bergensbesøk. Siden vi har ein bror kvar i området, fann vi ut at dette var ein effektiv måte å bli endå betre kjent med kvarandre sine familier. I tillegg fekk vi nokre fine feriedagar i ein vakker del av Noreg. 

To brødre som er brødre

To brødre som er brødre

Vi ankom Flesland fredag kveld og vart henta der av Eldar og Malene. På veg ut til Tjødnavegen plukka vi opp Mirjam og Elisabeth frå kyrkja. Vel framme på Litle-Sotra traff vi retsen av familien, Marit og Elias. Laurdagen vart brukt til spasertur og seinare biltur utover Øygarden til Hellesøy. Vi tok oss god tid. Eli Johanne og Marit til fotografering av stort og smått, og Eldar og Sveinung til funderingar rundt Hernar-greina av forfedrane våre. Eli Johannes bursdag vart også markert. Ellers vart det god tid til puslespel både fredag og laurdag. Søndag reiste vi på gudstjeneste i Kristkirken. Der var Eldar møteleiar, Marit lovsangsleiar og Elisabeth løve (med løvedrakt) på søndagsskulen.

Bergfinn og Sveinung diskuterer musikk til vielsen

Bergfinn og Sveinung diskuterer musikk til vielsen

På gudstjenesten møtte vi Eli Johannes svigerinne Sigrid og nevø Joel (2). Vi tok farvel med Eldar og co og vart med Sigrid og Joel heim til Paradis. Her hadde den andre bergensnevøen Filip (12) laga kake til oss. Utpå kvelden kom også Eli Johannes bror Bergfinn att frå arbeid. Bergfinn er ein dyktig pianist og skal spele i vielsen. Kvelden gjekk blant anna med til å vurdere ulike brudemarsjar og songar. Mandag var vi turistar i Bergen.

Sveinung i kjent positur

Sveinung i kjent positur

Sveinung returnerte til Trondheim mandags kveld til to gjenståande arbeidsdagar, medan Eli Johannes Bergenstur varte heilt til torsdag. Alt i alt eit veldig hyggelig bergensopphald for oss begge.

Liten turist i stor by

Liten turist i stor by

Resten av påska blir vi i Trondheim og ser fram til rolige lange dagar. I kveld gleder vi oss til konsert i Nidarosdomen, der Øyvind skal syngje, og seinare middag saman med Martha og Øyvind.

God påske til alle saman frå Eli Johanne og Sveinung! Gleder oss til å sjå dykk 30.mai.

Written by Sveinung Øystein Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , , ,

4 Comments

  • Øygunn Eiksund sier:

    Vi er samde i at tur til bergensområdet er å anbefale. (vi sakna tur til Os.) Elles er det fint med lange rolege feriedagar i Påska. Per Inge har for ein gong skuld fri. Skitur har det vorte lite av til no. Snøen minkar fort. Trur nok ein kan finne snø på Bondalseidet, men der er sikkert nok folk no. Vi har brukt ledig tid til fottuarar. Vi har vore på Leitet og i dag hadde vi fottur til Krøvelssetra. Dersom veret passar oss, prøver vi på skitur til Sandhornet i morgon. Det får tida vise.

    Vi gler oss stadig til Trondheimstur i Pinsa. Overnattingsstaden er tinga.
    Påskehelsing frå Per Inge og Øygunn

  • Så triveleg Bergensreportasje frå «trøndarande»! Kjekt å sjå kva de finn på rundtomkring. Vi gler oss veldig til å treffe dykk i mai! varm sydenhelsing frå Kristin og Mathilde

  • Veldig kjekt at de legg inn reportasje frå «Bergensturne». Vi gler oss også til mai. Det er ikkje lenge til!!! 🙂
    Helsing frå ei datter, ei mor, ei datter til, ei syster, ei tante, ei kusine, ei svigerinne, ja stort sett Josefine og Gunnhild

  • Tone Margarethe Eiksund sier:

    For en koselig reportasje. Det så ut til at dere har hatt en ordntli trivelig tur. vi og gler oss til pinsa og bryllup……

RSS-straum for kommentarar til denne saka.


Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com