mai
25
2009

Bryllupet 30/5: Siste nytt

Det er no lagt ut litt meir informasjon om utflukta på søndagen på www.bryllupsdagen.no/eiksund (passord: Sørlie). Meldingane gjev von om godt ver. Vi ber alle som har høve til det ta med mat (gjerne grillmat) til seg og sine. Vi tek med det som er att av drikke etter festen laurdag og ordnar med fat, kopp og bestikk til alle. Dersom nokon har vanskar med å oppbevare grillmat så er det berre å melde ifrå. Vi har også ordna med litt ekstra salat og rundstykker  Ellers blir det bålkaffe for dei som likar det. Ting og tang som kan bidra til leik og moro kan også takast med. PS: Det er allereie observert badarar i Tømmerholtdammen i år, så dei tøffaste kan ta med badebuksa…

Vi gler oss til å treffe dykk til helga.

Eli Johanne og Sveinung.

Written by Sveinung Øystein Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , ,

2 Comments

RSS-straum for kommentarar til denne saka.


Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com