jun
16
2009

Med Sunnmørsposten til Melshornet

Søndag 14. juni inviterte Sunnmørsposten til tur på Melshornet. Fire ørstingar starta trøstig på vegen opp frå Volda. Vi ville i alle fall sjå kor langt vi kom. Det var mange andre kjende og ukjende som passerte Vi rusla oppover og prata med mange.

Ein pust i bakken på vegen opp mot dinglavatnet.

Ein pust i bakken på vegen opp mot Dinglavatnet.

Ruth på toppenRuth på toppen

Etter ei stund stakk to av mot toppen. To tok pause ved Dinglavatnet. På toppen var det fullt av folk. Mest som eit fuglefjell. Då kom telefonen Ei til var på veg mot toppen. Etter ei stund kom ho jammen strevande heilt opp. Flott prestasjon. Vi ser fram til fleire turar i sommar, men kanskje ikkje slett så lange og krevjande kvar gong.

Written by Øygunn Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , ,

6 Comments

  • Synnøve Eiksund sier:

    Imponerande!

  • Godt jobba, alle fire. Eg har òg fått med meg at to til i familien var på topptur denne dagen – der av ei med uvanleg stor mage! Vi andre var på Selje-cup og satstar på at det er unnskulding god nok 🙂

  • Ser bra ut! Peter startar no dagane med; «Nå VIL jeg dra til bestemor og bestefar!» Vi blir gjerne med på (små) toppturar neste helg! Satsar på fint vêr.

  • Tone Margarethe Eiksund sier:

    Dette var virkelig sprekt. Rett og slett imponerende.

  • Kristin sier:

    Veldig veldig bra av dykk alle! Og her må det jo nemnast at ho som er gravid i niande måne og glatt tok turen opp til vatnet. Det hadde ikkje vore meg, for å seie det slik.

  • Anne Betty Sødal sier:

    Kjempebra. Regner med at vi alle da kan klare en tur opp for å bade i Stillevadet når vi kommer til feiringa senere i sommer?

RSS-straum for kommentarar til denne saka.


Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com