feb
18
2007

Historisk tilbakeblikk

Fleire har spurt: «Kjem du verkeleg frå ein så stor familie?»; eller «12 – er du sikker på at de er tolv?» For mellom anna å gi ei endeleg oppklaring i dette, har vi laga denne heimesida.

syskena_1988.jpgHistoria om familien Eiksund tok til i Ørsta på slutten av 50-talet, då Ruth Mary Lystad og Olav Joakim Eiksund – begge sunn og kjekk ungdom med røter i den norske bonde- og skreddarstand – kasta auga sine på kvarandre.

Dei kan umogleg ha kasta særleg hardt, for i 1960 blei dei gift, og seinare same år kom første barnet: Synnøve. Det tok to år før neste etterkomar var eit faktum, men i 1962 var Øygunn klar som fersk verdsborgar. I søskenflokken utgjer Synnøve og Øygunn klanen «Storesøstrene».

Første guten, Gudmund Reidar, blei fødd i 1964, og var førstemann ut i ei rekke på 4 barn som kom før 1968 var halvgått:

  • 1965 – Eldar Lars,
  • 1967 – Roger Ove,
  • 1968 – Jorild Marie.

Etter Jorild var fødd tok moder Ruth sitt første og einaste permisjonsår frå jobben som lærar i grunnskolen. I 1970 kom Gunnhild Elisabeth – siste feminine bidrag til søskenflokken. Gudmund, Eldar og Roger utgjer «Storegutane», Jorild og Gunnhild er «Småjentene». Etter 1970 har familien berre blitt meir og meir maskulin:

  • 1972 – Hjalmar Trond,
  • 1975 – Sveinung Øystein,
  • 1976 – Oddmar Rune,
  • 1979 – Øyvind Johan.

Og til sist (og minst):

  • 1988 – Geir Egil: familiens sjefsjarmør.

Til saman utgjer desse fem «Smågutane».

Written by Hjalmar Eiksund in: |

Ingen kommentarer »

RSS feed for comments on this post.

Leave a comment

Du må være innlogget for å kunne kommentere.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker