jul
19
2009
2

Vi skulle eigentleg til Legoland… men..

Denne sommaren hadde vi først planlagt å reise til USA, men så vart turnéen til SKRUK avlyst, og noko av føresetnadene for å reise i år fall bort. Både Bertil og Synnøve var vaksne før vi kom oss til Legoland, og difor tenkte vi at å reise dit før Joakim vart for gammal, var ein god idé.

IMG_1430

(more…)

Written by Synnøve Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , ,
apr
25
2009
4

Arkeologi

Så er vi i gang. Søvik skule skal realiserast, rett nok nokre månader etter opprinneleg plan. Og for å få starte bygginga som no er planlagd til 1 juni må vi først finne ut kva som skjuler seg under bakken. Der har vist budd folk lenge i Søvika. Fram til no har vi funne både gravrøyser, kokegroper og vassleidningar. Når vi hadde oppstartmøte denne veka kom det nokre journalist-spirer frå skuleavisa og foretok grundige intervju. Nokre av elevane var bekymra over kva som ville skje dersom vi fann noko. Ville det føre til at skullen ikkje vart bygd likevel? Dei smilte godt når dei vart beroliga.

Ei av gravrøysene

Nokre av bøndene går rundt og humar fordi dette er steinar som etter deira syn er blitt samla opp i forbindelse med nydyrking. Arkeologen gav dei litt rett i det, angåande det øvste steinlaget, men han er sikker på at han finn det han er på jakt etter. Dessutan må eg gi han rett i av steinmassane vart litt mekeleg plassert – midt i åkeren liksom. Finne noko spanande – vi får sjå – det har skjedd før at der har vore nokon å henta ut eventuelle verdier tidlegare. Onsdag har eg tillyst folkemøte så då får vi siste nytt. Saka vert oppdatert.

Written by Bertil Skaar in: Nyhende | Stikkord: , , ,
feb
27
2009
7

Gratulerer med dagen, Bertil!

Store gratulasjonar til ein flott mann! Ha ein nydeleg dag! Vonar du også vil bli fornøgd med feiringa!

Written by Synnøve Eiksund in: Nyhende | Stikkord: ,

Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com