mai
13
2009
2

Synnøve informerer om utgravingane på NRK-lokal

Onsdag morgon var vi tidleg oppe. Nrk hadde fått nyss i kva som var på gang. Kanskje ikkje så rart sidan journalisten er gammal Brattvågjente og søstera er lærar på skulen. Men det var visst annonsa i Sunnmørsposten som hadde sett dei på sporet. Kvelden vart særs vellukka. Mange meinte der var fleire på skulen enn på ein vanleg 17 mai.

Butikkane var også særs nøgd i Søvik og Brattvåg. Ingen hadde fleire lammelår å selgje tirsdagskvelden etter at Synnøve hadde vore på handletur.

Her er linken til intervjuet – Intervjuet kjem ca 45 minutt ut i opptaket.

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/493983

Etterpå kom det sms-er frå både skulesjefar og andre. Til og med telefon frå Valldalen.

Written by Bertil Skaar in: Nyhende | Stikkord: , , ,
apr
25
2009
4

Arkeologi

Så er vi i gang. Søvik skule skal realiserast, rett nok nokre månader etter opprinneleg plan. Og for å få starte bygginga som no er planlagd til 1 juni må vi først finne ut kva som skjuler seg under bakken. Der har vist budd folk lenge i Søvika. Fram til no har vi funne både gravrøyser, kokegroper og vassleidningar. Når vi hadde oppstartmøte denne veka kom det nokre journalist-spirer frå skuleavisa og foretok grundige intervju. Nokre av elevane var bekymra over kva som ville skje dersom vi fann noko. Ville det føre til at skullen ikkje vart bygd likevel? Dei smilte godt når dei vart beroliga.

Ei av gravrøysene

Nokre av bøndene går rundt og humar fordi dette er steinar som etter deira syn er blitt samla opp i forbindelse med nydyrking. Arkeologen gav dei litt rett i det, angåande det øvste steinlaget, men han er sikker på at han finn det han er på jakt etter. Dessutan må eg gi han rett i av steinmassane vart litt mekeleg plassert – midt i åkeren liksom. Finne noko spanande – vi får sjå – det har skjedd før at der har vore nokon å henta ut eventuelle verdier tidlegare. Onsdag har eg tillyst folkemøte så då får vi siste nytt. Saka vert oppdatert.

Written by Bertil Skaar in: Nyhende | Stikkord: , , ,
apr
07
2009
2

Heimepåske

Påskepynt Vi ynskjer alle ei fin påskehelg! Her i Brattvåg skal vi ha nokre dagar i heimen før vi antakeleg reiser til Ørsta mot slutten av påska.

Det spirer og gror i hagen, og med litt optimisme kan det hende dei nysådde frøa de skimtar på biletet også vil spire. Tomat og basilikum, og så nokre blomkarsefrø.

Written by Synnøve Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , ,

Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com