mar
26
2010
8

Verdas vakraste jente

Ester Sofie

Ester Sofie

Laurdag 20.mars syntes veslejenta vår, Ester Sofie, at ho hadde venta lenge nok. Kl 10.07 trekte ho sitt første andedrag i friluft. Ho vog 3495 gram og var 53 cm long.

(more…)

Written by Sveinung Øystein Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , ,
nov
07
2009
5

Hyggeleg besøk i Tromsø

tromsobesok-1 Sist helg fekk vi besøk her i Tromsø. Som de ser på biletet var det Sveinung og Eli Johanne som tok turen nordover.

På søndagen synte vêret seg frå si beste side, så dei få timane det var lyst brukte vi oppe på Fløya med utsikt over byen og Tromsdalstinden, og seinare i Telegrafbukta, like ved der vi bur. Vi har lagt ved nokre bilete de kan sjå på.

(more…)

Written by Oddmar in: Nyhende | Stikkord: , , , ,
mai
25
2009
2

Bryllupet 30/5: Siste nytt

Det er no lagt ut litt meir informasjon om utflukta på søndagen på www.bryllupsdagen.no/eiksund (passord: Sørlie). Meldingane gjev von om godt ver. Vi ber alle som har høve til det ta med mat (gjerne grillmat) til seg og sine. Vi tek med det som er att av drikke etter festen laurdag og ordnar med fat, kopp og bestikk til alle. Dersom nokon har vanskar med å oppbevare grillmat så er det berre å melde ifrå. Vi har også ordna med litt ekstra salat og rundstykker  Ellers blir det bålkaffe for dei som likar det. Ting og tang som kan bidra til leik og moro kan også takast med. PS: Det er allereie observert badarar i Tømmerholtdammen i år, så dei tøffaste kan ta med badebuksa…

Vi gler oss til å treffe dykk til helga.

Eli Johanne og Sveinung.

Written by Sveinung Øystein Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , ,
mai
10
2009
3

Sterk innsats i Kretskonkurransen

Spente gutter i Moskuspatruljen før start.

Spente gutter i Moskuspatruljen før start.

Helgen 8.-10.mai var nesten 200 speidere fra hele Sør-Trøndelag samlet til kretskonkurranse i Trondheim. Det var rovere og ledere fra Trondheim FSK som var arrangør i år. Familien Eiksund var representert i to av deltagerpatruljene. Tobias i debutantpatruljen Moskus (PS: Olav Emils gamle patrulje) og Sofie i den mer erfarne patruljen Ekkofox.

(more…)

Written by Eli Johanne in: Nyhende | Stikkord: , , , , , , ,
apr
10
2009
4

Bergensbesøk hos to brødre som ikkje er brødre

Bryggen i Bergen står der fortsatt

Bryggen i Bergen står der fortsatt

Palmehelga reiste vi, Eli Johanne og Sveinung, på Bergensbesøk. Siden vi har ein bror kvar i området, fann vi ut at dette var ein effektiv måte å bli endå betre kjent med kvarandre sine familier. I tillegg fekk vi nokre fine feriedagar i ein vakker del av Noreg.  (more…)

Written by Sveinung Øystein Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , , ,

Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com