jul
05
2009
2

Garasja er raud

Kristin og Hjalmar i kvar sin stige ...

Kristin og Hjalmar i kvar sin stige ...

(Ørsta:) Etter ein dugnad av Hjalmar, Kristin, Per Inge og Øygunn står no garasjen med to strøk raudmåling og skin i sola. Det er tekne nokre bilete av bragda.

Med tid og stunder er det planen å bildelegge nokon meir frå dugnaden. Nokre av bileta er på papirfilm og andre på telefonen, så det tek litt tid. Tusen takk til dugnedsgjengen.

Written by Olav Joakim Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , , , , ,
jun
16
2009
6

Med Sunnmørsposten til Melshornet

Søndag 14. juni inviterte Sunnmørsposten til tur på Melshornet. Fire ørstingar starta trøstig på vegen opp frå Volda. Vi ville i alle fall sjå kor langt vi kom. Det var mange andre kjende og ukjende som passerte Vi rusla oppover og prata med mange.

Ein pust i bakken på vegen opp mot dinglavatnet.

Ein pust i bakken på vegen opp mot Dinglavatnet.

Ruth på toppenRuth på toppen

Etter ei stund stakk to av mot toppen. To tok pause ved Dinglavatnet. På toppen var det fullt av folk. Mest som eit fuglefjell. Då kom telefonen Ei til var på veg mot toppen. Etter ei stund kom ho jammen strevande heilt opp. Flott prestasjon. Vi ser fram til fleire turar i sommar, men kanskje ikkje slett så lange og krevjande kvar gong.

Written by Øygunn Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , ,
apr
01
2009
6

Flyttar til varmare strok…

(Volda:) Etter ein skuffande lite snørik vinter, har familien på seks i Volda bestemt seg for å flytte til varmare strok. Planlegginga har pågått ei stund, under dekke av sydentur, men no let det seg ikkje gjere å halde tett om det lenger, fortel Mathilde i ei pressemelding til Eiksund.net.

(more…)

Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com