sep
23
2009
3

…og så tek vi av mot Syden

(Volda:) Med seks veker farskapspermisjon til overs og Kristin med eit arbeid som høver for heimekontor, tek familien i Nesavegen turen til Gran Canaria denne hausten. Ungane (dei tre største av dei) skal gå på den norske skulen i området (www.colegio.no), medan Sigurd og pappaen skal vandre kvilelaust omkring blant solfylte strender og slitne kaffibarar.

(more…)

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , , , , ,
apr
23
2009
2

Dokumentarfilmfestival i Volda

Sigurd og Georg har funne tonen under filmfestivalen!

Sigurd og Georg har funne tonen under filmfestivalen!

(VOLDA): Det er tretten år sidan Volda første gang drog igong filmfestival for dokumentarfilmskaparane i Volda, og det merkast når 2000 filmfolk inntek bygda. Mykje spennande som skjer heile langhelga, med prisutdeling, masse dokfilmvisingar og møte mellom filmstudentar og drivne filmfolk. For bygdingane er dette ein happening, og her i Nesavegen husar vi ein produsent og ein regissør og ein liten baby på lasset. Det fekk NRK Møre og Romsdal snusen i. Under ligg lenkja til ein liten reportasje.

TV-innslag på NRK Møre og Romsdal

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , ,
apr
01
2009
6

Flyttar til varmare strok…

(Volda:) Etter ein skuffande lite snørik vinter, har familien på seks i Volda bestemt seg for å flytte til varmare strok. Planlegginga har pågått ei stund, under dekke av sydentur, men no let det seg ikkje gjere å halde tett om det lenger, fortel Mathilde i ei pressemelding til Eiksund.net.

(more…)

jan
22
2009
2

Snøklokker ved husveggen

220120091

(Volda:) På veg ut døra i dag tidleg, kom Sigurd og eg over desse flotte knoppane. Held veret fram som i dag, vil sommaren vere over oss for fullt ved utgongen av februar! 😀

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , ,

Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com