okt
29
2009
5

Pollyboy!

Mamma og pappa er ute og handlar, og dermed er dei 3 eldste barna i familien Sjøhelle/Eiksund aleine heime. Eirik , som er den nest eldste av barna, sett ein av legofolka sine i den nye polly-vannsklia til Idun, og den sklir ned i ei stor fart. Dette sett Mathilde, som er den eldste av alle søskena, på ein ide:»vi lage en film da!» Dette vert fulgt av stor begeistring frå dei andre to, og dei sett i gong:

Som dokke kanskje ser i filmen, så er alt satt saman av bilete. Desse bileta er tatt med Mathildes nye kamera, og dei er tatt av ho. Men det treng ikkje å bety at dei andre ikkje har deltatt; det var Eirik som ga ideen, det er hans lego, og mange av ideane er fra han. Og når det gjeld Idun, så er det hennes polly, ho har vore med og bestemt namn på figurane, og det aller siste biletet var hennar ide, dessuten tilhøyrer blant anna hovudpersonen ho.

» Det har tatt ei stund og lag filmen», fortel Mathilde:» vi har tatt alle bildan, så har vi lagt bildan inn på PCen, og til slutt redigert den» seier ho vidare, » men den blei no færdig til slutt, og det e det viktigste.» Og det er vi einige i, her er filmen:

pollyboy

Written by Mathilde Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , ,

Powered by WordPress | Aeros Theme | TheBuckmaker.com