jul
19
2009

Vi skulle eigentleg til Legoland… men..

Denne sommaren hadde vi først planlagt å reise til USA, men så vart turnéen til SKRUK avlyst, og noko av føresetnadene for å reise i år fall bort. Både Bertil og Synnøve var vaksne før vi kom oss til Legoland, og difor tenkte vi at å reise dit før Joakim vart for gammal, var ein god idé.

IMG_1430

Men så vart Joakim brått invitert på ferie til Portugal med ein kamerat, og vi sat att og tvinna tommeltottar. Det var altfor varmt til at det vart særleg effektiv jobbing, og etter nokre dagar fann vi ein restplass til Sharm el Sheikh.

Vi frykta det skulle vere for varmt, men ei veke med god akklimatisering i Norge gjorde at overgangen til 32 pluss dei første dagane ikkje var så ille.

Vi hadde ikkje lagt altfor faste plaSoloppgang over Sinainar om aktivitetar, men enda opp med bading, snorkling, tur til Luxor (minst 45 +!) og ein nattleg tur til Mosesfjellet.

Der rei vi på kamel opp, og gjekk ned igjen. Turen liknar nok litt på Galdhøpiggen frå Juvasshytta, med stigning på ca 500 m frå St. Katharinaklosteret.  Mosesfjellet like før sola står oppTotalt er fjellet vel 2200moh.

Om vi anbefaler Egypt i juli? Ei veke var nok i varmen, men opplevingane og det vi ikkje fekk sett, hadde gjerne kravd minst 2 veker.

fisk i Rødehavet

IMG_1358IMG_1355

Sharm el Sheikh er ein rein turistby, men dei freistar å gi oss inntrykk av kva som eigentleg er Egypt på marknader o.l. Vi vil gjerne attende.

IMG_1400Tut ank Amon si gravMemnonstøttene

Written by Synnøve Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , ,

2 Comments

  • Sjølv om det er ein rein turistby verkar det veldig eksotistk for oss. Flotte bilete. Vi likte spesielt godt cowboy-turistane på fyrste bilete 🙂

    Kommentar | 20. juli 2009
  • Ikkje så verst kompenasjon for Legoland dette her. Egypt er eit land eg gjerne skulle vore til. Det er så mykje mystikk og spennande historie knytt til det.

    Kommentar | 20. juli 2009

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker