aug
06
2009

Tour de Europe 2009 – Første etappe

La Napoule

(Sotra/Norge): Etter tallause oppfordringar vil distriktskontoret på Sotra gje ei kort oppsummering og ein liten bildepresentasjon av årets store rundreise i Europa.

Heile 11 land (utanom Norge) har reportasjebilen trilla gjennom (eller i alle fall vore innom) i løpet av nokre veker no i juli, og rundt 7000 km med asfalt er lagt bak oss.

Fil:Flag of Denmark.svgAlle var spente da vi køyrde ombord i SuperSpeed 1 i Kristiansand tidleg om morgonen torsdag 9. juli, og litt etter klokka 11 same dag rulla vi i land i Hirtshals.

vindmøller

Elisabeth på danskebåtenMotorvegen sør gjennom Danmark er ikkje den mest spennande, og etterkvart vart vi også lei av å telje vindmøller…

Fil:Flag of Germany.svg…men fort gjekk det, og vi rulla nesten nedover til Hannover i Tyskland før vi tok inn på eit hotell for kvelden.

Frå AlsfeldSlovensk dansegruppeDagen etter bar det vidare sørover. Vi hadde eit lite stopp i ein liten koseleg by som heiter Alsfeld, og vandra ein times tid rundt i Die Altstadt der. På torget her møtte vi ei stor slovensk dansegruppe som var på turne i området, og Malene, Elisabeth og Elias fekk etterkvart vere med i dansen.

Kapell - St. BernhardspassetFil:Flag of Switzerland.svgVi hadde eigentleg tenkt å køyre Frankrike sørover, men fann på vegen ut at det var for gale å ikkje stikke innom Sveits når vi først var komne så langt. Vi køyrde over grensa ved Basel, forbi Bern og ned til Montreux  ved Lac Leman. Berre utsikta på vegen ned mot Lac Leman var verd heile turen, og hit kjem me nok igjen!

Venting...På vegen gjennom Sveits fekk vi SMS-kontakt med Janet og Patrick, irane vi har brukt mykje tid saman med dei to siste sommarane. Dei var på bilfeire i Italia med heile familia, og akkurat denne kvelden bodde dei på ein campingplass i Aosta rett på andre sida av St. Bernhardspasset.

...Italia ja...Fil:Flag of Italy.svgVi køyrde dit og leigde ei campingvogn for natta, og dagen etter brukte vi eit par timar på å rusle rundt i byen; med tydeleg historie både frå romersk tid og middelalder .

 

2000 år gamle murarikkje alle synes det er like kjekt med gamle murar...Etter å ha fått oss litt ekte italiensk pizza, køyrde vi vidare sørover.

Elias likte spesielt alle borgene i dalane sørover frå Aosta; området har borger på kvar ein haug, den eine meir fantastisk enn den andre. Men no var tida inne til å kome seg til Frankrike og husværet vi hadde leigd der.

(Les meir i Tour de Europe 2009 – Andre etappe)

Written by Eldar Lars Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , ,

1 kommentar

  • Kjekt å lese. Eg og Peter sit her og et opp restane frå laurdagsgodteriet og kosar oss med reiseskildringane. Eg likar veldig godt den impulsive tonen…. at det var for gale å ikkje vere innom Sveits og Italia 🙂

    Comment | 9. august 2009

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker