sep
17
2009

Vi gratulerer Olav Emil med 19 års dagen!

Olav Emil

Olav Emil er på Folkehøgskule på Voss dette skuleåret. Der litt rart at han ikkje er her slik som vi er vane med. Vi tenkjer litt ekstra på det på i dag når han fyller 19 år. Tobias låner rommet til Olav Emil og  i natt drøymde han at Olav Emil kom heim.
Etter det Olav Emil fortel oss så trivst han godt på folkehøgskulen. Han går på musikklina og har som ambisjon  å spele mykje elgitar. Han tok med seg to gitarar og fela, men etter første veka fekk vi høyre at det var kontrabass som vart hans instrument i det første musikkprosjektet.
Folkehøgskulenpå Voss

Folkehøgskulenpå Voss

Folkehøgskulen ligg nær Voss sentrum fint plassert i eit boligområdet.

Written by Gudmund Reidar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: ,

13 Comments

  • Gratulerer med dagen, Olav Emil. Folkehøgskule er bra. Eg kom sjølv inn på dei folkehøgskulane eg søkte på i mi tid, men trudde eg hadde dårleg tid og starta i staden på eit studium eg aldri fullførte 😀 Mykje lurare då å ta seg eit år først der ein rekk å tenke seg om.

    Håper du får ein strålande dag i vossafjella!

    Helsing familien i Nesavegen

    Comment | 17. september 2009
  • Sveinung Øystein Eiksund

    Gratulerer med dagen. Håper det går bra på Voss.

    PS: Fiolinistar og gitaristar finst det plenty av! Bli bassist (og gjerne kontrabassist);-)!

    Comment | 17. september 2009
  • Eldar Lars Eiksund

    Gratulerer med dagen, Emil!
    …og du er hjarteleg velkomen til besøk på Sotra. Vi kan bake kake… 🙂

    Elisabeth har elles bestilt seg ny elgitar for pengane hos fekk til bursdagen sin og den kjem sikkert i posten rett før eller rett over helga. Du må gjerne kome og spele saman med henne…

    Comment | 17. september 2009
  • Gratulerer med dagen, Olav Emil! Håper folkehøgskulen svarer til forventningane! Kontrabass er bra, gitar er også bra, fele er bra…. ja stort sett! Musikk er veldig bra å drive med!

    Comment | 17. september 2009
  • Synnøve Eiksund

    Gratulerer med dagen frå oss også! Som ein av dei få som har gått folkehøgskule vil eg tru du får eit flott år! Eg lærte mykje der som eg har hatt nytte av seinare, og kanskje det også påverka yrkesvalet mitt vidare? Det er i alle høve veldig ok å få testa ut ulike sider av seg sjølv.
    Ha ein fin dag!

    Comment | 17. september 2009
  • Tone Margarethe Eiksund

    Gratulerer med dagen Olav Emil. Vi håper du får en fin bursdag. Og lykke til med året på folkehøgskole. vi håper du får et fint år, mange nye venner og rike opplevelser og minner. Varm hilsen fra oss i Langevågen.

    Comment | 17. september 2009
  • tobias

    Gratulerer med dagen!:)

    Comment | 17. september 2009
  • Bestemor og bestefar

    Vi ynskjer hjarteleg til lykke med 19-årsdagen!
    Bestemor og bestefar i Ørsta.

    Comment | 17. september 2009
  • Emil

    Takk så mykje til alle saman.
    Eg trivst godt her, og synast at det er spennande med musikk, sjølv om det begynner å kjennast i fingrane at eg har spilt mykje på kontrabassen. Vi hadde konsert for skulen i går, og skal halde ein konsert for barneskuleelevar i ei grotte i morgon.

    Sjølv om eg har det veldig fint her gledar eg meg til å komme heim i haustferien.

    Comment | 17. september 2009
  • Hei kjære Olav Emil og gratulerer med dagen! Det høyrest veldig bra ut med folkehøgskule på Voss, og berre
    så det er sagt; det er berre dei kulaste kara som spelar kontrabass! …og som skriv nynorsk 😉

    Comment | 17. september 2009
  • Oddmar

    Gratulerer med 19-årsdagen Olav Emil!

    Eg kan anbefale skianlegga på Voss dersom det skulle verte for mykje musikk…, men dei visste du vel om allereie (Kva er det eg seier, for mykje musikk? Som om det er mogleg).

    Her i Tromsø var det på nippet til at det kom sludd i dag (4,2°C) og Fløya hadde eit lite melisdryss. Brøytestikkene er forresten allereie på plass.

    Du får helse Bergen om du dreg dit på helgetur.

    Eg skal helse frå Maren òg.

    Comment | 17. september 2009
  • Øygunn Eiksund

    Vart litt seint dette her, men gratulere med overstått frå meg, katten sirikit og Per Inge.

    Comment | 21. september 2009
  • Crishz

    Olav du Olav, du har blett voksen nu ! gratulerer med dagen ! eg huska fortsatt tia du og eg var beste vennar på sunnland ungdomsskule.. det var tida i mitt liv, eg savnar deg utroleg mykje! <3 Mykje savn.

    Comment | 3. januar 2010

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker