mar
29
2010

Ole på Vinmonopolet… del 2

Alle Barna med singlen "Ole på Vinmonopolet"

Alle Barna med singlen "Ole på Vinmonopolet"

(Volda:) Som nok dei fleste har fått med seg: Når Tobias er besøk i Volda, skjer det spennande ting. I Vinterferien laga han, Mathilde, Eirik og Idun ei flott låt, og med god hjelp av Øyvind vart denne spelt inn og mangfaldiggjort, mellom anna her på Eiksund.net

Men det stoggar ikkje der…

I tillegg vart songen lagt ut på YouTube. Der har han gått sin sigersgong og har så langt hatt heile 490(!) unike treff. Når ein veit at ein PC berre blir telt ein gong – uansett kor mange gonger ein lastar sida – forstår ein at dette er store saker.

Mange av desse treffa står truleg studentar ved Høgskulen i Volda for. Ei nær venninne av Kristin og Hjalmar jobbar nemleg på mediefag, og ho brukte YouTube-klippet for å demonstrere barns mediekompetanse. Nokre av studentane i klassa hennar vart så begeistra for songen at dei spurte om å få bruke han i eitt av prosjektarbeida sine: Å lage ein radioreklame.

Reklamen var ferdig, og reklamen vart sendt til ein konkurrranse – og vann(!)

I grunngivinga til juryen står mellom anna:

« Teksten i vinnar-reklama er informativ, kort, konsis og får klart fram poenget med reklama tidlig nok til å få klikk på banneret. Reklama er fint balansert i forholdet mellom musikk og stemmebruk, og byggjer på ein melodi som umiddelbart klistra seg fast i hjernebarken på alle som høyrer den. Vinnaren er: “Hjelp Ole!” »

For dei som ikkje har Spotify-konto, og som ønskjer å høyre reklamen har vi lagt ut reklamen her ønskjer å høyre reklamen har vi lagt ut reklamen her!

Premien for å vinne konkurransen er at reklamen no skal gå som Spotify-reklame for Høgskulen i Volda i tida fram til søknadsfristen går ut 15. april. Så spørs det berre korleis det går med royalties… 🙂

For dei som har gått glipp av monster-hiten, kan de høyre han her:

Les meir om grunngivingane til juryen.

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , , ,

3 Comments

  • Vi er evige tilhengjarar!

    Comment | 30. mars 2010
  • Sveinung Øystein Eiksund

    Vi er kjempeimponert!

    Comment | 30. mars 2010
  • tobias

    Ny oppdatering 19:30 4/4. 570 treff

    Comment | 4. april 2010

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker