apr
27
2011

Dagens gjettekonkurranse

Litt skjelven, og litt matt i blikket? Ikkje rart kanskje, med 103 etasjar luft under beina?

Litt skjelven, og litt matt i blikket? Ikkje rart kanskje, med 103 etasjar luft under beina?

(Chicago:) Ein fridag i Midt-Vesten må  brukast til fornuftige ting –  ein reiser jo ikkje halve verda  rundt utan å oppsøkje noko tøft 😉 !

Dagens utflukt gjekk til eit kjent landemerke i Chicago. På biletet har eg akkurat klart å trykke fram smilet, og det er kanskje ikkje så rart: det er noko naturstridig over det å sjå eigne føter «sveve» i lause lufta 103 etasjar over taxiane som køyrer loddrett under ein.

Turen over Atlanterhavet gjekk forresten svært så fint. Så får berre den halvannan time lange køen for å sleppe gjennom passkontrollen takast med som ein bonus. Litt eksotisk er det jo å måtte svare for alt frå importplanar til fingeravtrykk til geispande tollinspektørar.

Så over til dagens konkurranse:

  1. Kva heiter tårnet eg har forvilla meg opp i?
  2. Kva er så spesielt med det at det framleis er Chicagos største turistattraksjon?
  3. Kor lenge var det eineståande i sitt slag?

Lykke til!

Litt mindre kul på veg ut på plattforma...

Litt mindre kul på veg ut på plattforma...

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: ,

5 Comments

  • Eldar Lars Eiksund

    1. Willis Tower (tidlegare Sears Tower – skifta namn i 2009 pga av ei ny leigeavtale…)
    2. Den høgaste skyskraparen i Chicago – og USA – den femte høgaste frittståande konstruksjonen i verda – 442 m høgt
    3. Det var frå 1973 til 1998 verdas høgaste frittståande konstruksjon (skyskrapar)

    Comment | 28. april 2011
  • Øygunn Eiksund

    Svært det her, men det får vere greitt for oss som ikkje har verre ting enn Eiffeltårnet å skryte av å ha vore oppe i også.

    Comment | 28. april 2011
  • Tyholtårnet??

    Comment | 28. april 2011
  • Synnøve Eiksund

    Twin Towers 1986!
    Ganske nifst det også!

    Comment | 29. april 2011
  • Tre poeng til Eldar! 🙂

    Comment | 2. mai 2011

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker