jan
16
2009

Øyvind 30 år! Gratulerer!!!

Så er den nest yngste av syskjenflokken blitt 30. Det var ein stor dag i 1979 då du kom til verda på Volda sjukehus. Du har alltid vore ein omtenksom og grei, aktiv og hjelpsam kar. I dag ser vi deg oftare enn den gongen du heldt til i dei store byane. Sjølv om du pendlar ein del, særleg til Oslo og Trondheim( av forståelege grunnar), ser vi deg oftast kvar veke og du er alltid velkomen. Du får ha lykke til med feiringa i Trondheim!!

Written by Olav Joakim Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , ,

11 Comments

  • Sveinung Øystein Eiksund

    Gratulerer med 30-årsjubileet Øyvind!

    Comment | 16. januar 2009
  • Øygunn Eiksund

    Gratulerer med dagen og god tur.

    Comment | 16. januar 2009
  • Jorild Marie Eiksund

    Gratulerer med dagen! Rart at du også har vorte 30 år! Ha ei god helg i Trondheim, og vi håper det er sørga for ei skikkelig feiring av deg der:-) Bursdagsklemmar frå Jorild o co

    Comment | 16. januar 2009
  • Olav Joakim Eiksund

    Grittis med dagen assa!!! håpe du får en fin dag. Mathilde<3

    Comment | 16. januar 2009
  • Tone Margarethe Eiksund

    gratulerer med dagen, og 30 år, snart voksen da,,,,,, om det er ett mål i seg selv. Ha en fin fin dag og kos deg med feiring. Hilsen oss alle fem i Langevågen

    Comment | 16. januar 2009
  • Oddmar

    Gratulerer med 30-års dagen!

    Comment | 16. januar 2009
  • Geir Egil Eiksund

    Gratulerer igjen!

    Comment | 16. januar 2009
  • Eg bør vel vise ansikt her òg 🙂

    Gratulerer så masse med dagen, Øyvind. Det er veldig kjekt å ha deg og Martha i Volda. Vi føler oss svært bortskjemde som får lov til å ha slik flott familie eit lite steinkast (og då snakkar vi om eit ekte steinkast) frå stova vår 😀

    Comment | 17. januar 2009
  • Synnøve Eiksund

    Gratulerer med 30-årsdagen!Det er ganske heftig å tenkje på at det faktisk er sååå lenge sidan du komtil verda! Kanskje det er eg som er blitt…. ha ein flott dag og helg med Martha!

    Comment | 17. januar 2009
  • Ja, Gratulerer frå Eidsvoll også, Øyvind. Eg reknar med eg var fyrst ute i dag tidleg 😉 Eg har hatt feiring av min bursdag her med jentekveld. Håper feiringa di har vore like hyggeleg. Hels Martha!

    Comment | 17. januar 2009
  • Hallo alle saman og tusen takk for fine gratulasjonar! Det har vore stor pågang på mobil, facebook og ikkje minst her på heimesida. Dagen opna fint med ei lita stund på jobben før eg fekk helse på den nyfødde med foreldre oppe på sjukehuset. Etter å ha fått gratulasjonstelefon frå mamma sette eg meg i bilen og køyrde til Trondheim. Her blei eg teken imot av Martha som hadde ordna pannekaker til meg. Etter kvart som kvelden nærma seg byrja det å skje mistenkelege ting i heimen her – plutseleg var det duk på bordet, og Martha hinta sterkt om at eg burde gå og dusje medan ho stod på kjøkenet og laga fruktsalat.. Som de kanskje forstår hadde Martha ordna overraskingsfest for meg her i husveret hennar. Ho hadde invitert Kammerkoret Aurum som troppa opp med kaker og kaffi. Så blei det ein triveleg og sosial kveld, ein ekte 30-årsfest.

    Comment | 17. januar 2009

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker