(Volda): I dag tidleg kunne Idun fortelje at mars er å rekne som den første vårmånaden. På veg til barnehagen i dag leitte vi derfor etter vårteikn – og vi fann mange!
…Og kanskje vi plukkar nokre av dei til barnedåpen neste helg?
Idun er flittigaste fotografen!

Nokre fine, gule krokusar låg plutseleg rett framfor oss på stien.

Lenger opp i bakken hadde dette treet funne fram dei finaste rosa blomane sine...

...og hagen bak var full av snøklokker

Ein katt ville òg vere med å leite. Han følgte etter oss langs heile Storgata

Vi er litt usikre på kva denne blomsten heiter... Nokon som kan hjelpe oss?

Mange av buskane hadde slike fine museøyre som gjer at dei ser fine og grøne ut på avstand...

...og på bakken ligg det nokre tyggis

Like ved barnehagen hadde trea fått nydelege små gåsungar
RSS feed for comments on this post.
Sorry, the comment form is closed at this time.
Det var mange fine vårteikn!
Så nydelig vår de har!! Vi har berre snø, snø, snø og litt sludd. Peter seier han kjem på besøk til deg Idun, når vi er i Ørsta hos bestemor og bestefar. Peter vil også gjerne ha besøk snart!!!
Jeg tror dere bor på en annen planet. Tobias insisterer på at det ER vår. Jeg snakker bare om at jeg gleder meg til våren kommer! Vi skal gå på ski i 2 mnd til her i huset. Herlig jordnær fotografering. Og den røde blomsten ligner på en kaktus.
Tydeleg at det er i Volda det er skikkeleg vår. Vi ser berre antydning av snøklokkeblada. Dei er sikkert for unge. Dei vart planta sist haust.
Fint og vårleg i Volda! Den rosa blomsten liknar litt på ei slags stokkrose, men då har ho vakna på feil årstid.