apr
01
2009

Flyttar til varmare strok…

(Volda:) Etter ein skuffande lite snørik vinter, har familien på seks i Volda bestemt seg for å flytte til varmare strok. Planlegginga har pågått ei stund, under dekke av sydentur, men no let det seg ikkje gjere å halde tett om det lenger, fortel Mathilde i ei pressemelding til Eiksund.net.

Det har i det store og det heile vore mangelen på godt skiføre som har vore utslagsgivande. Paradoksalt nok er det altså mangel på vinter i Noreg som gjer at familien igjen flyttar til sol og varme på sørlegare breiddegrader.

Einaste ulempa er dei byråkratiske. Mathilde og Eirik skal ta til på skule med ein gong, men sidan begge er registrerte i spanske skuleregister må dei ta til i spansk skule. Eit klart skår i gleda, seier Eirik, som hadde gledd seg til å ta til på same skulen som mamma og pappa ein gong jobba. Begge skal ta til på den lokale skulen Colegio de Artemi Semidan, medan Idun ikkje fekk plass på denne skulen og må dag-pendle til ein svensk skule i Las Palmas.

Mathilde og Eirik i bassenget sist gong dei budde i Spania

Mathilde og Eirik i bassenget sist gong dei budde i Spania

Kristin skal bruke det komande halvåret på fødselspermisjon og heimesitjing, medan Hjalmar har fått jobb på eitt av dei lokale fiskebruka i Arguineguin. – Ikkje mange veit det, seier han, men Arguineguin er faktisk ei leiande fiskehamn i spansk målestokk. På mange måtar det kanariske motstykket til Ålesund.

Litt trist blir det såklart å reise frå vener og kjende på Sunnmøre, men eitt hyggeleg par får dei ta med på lasset. Besteforeldra på Sætre blir med som døgnbarnevakter og skal flytte inn i etasjen over firbarnsfamilien. Berre hyggeleg, svarer Ruth og Olav som lenge har planlagt salet av barndomsheimen på Sætre. Den nye eigaren av Hagevegen 45, Øyvind, er for det meste godt nøgd med avtalen, som inneber å halde oppkøyrsla til Øygunn snøfri. Ein klausul Øygunn og Per Inge fekk lagt inn i siste sekund. «Ingen problem» seier Øyvind og minner om at det er dei snøfattige vintrane som er utgangspunkt for at han i det heile blir huseigar.

Så får vi håpe turen sørover går bra, og at vintrane på Gran Canaria er hakket meir førutsigbare enn dei på Søre Sunnmøre.

¡Hasta Pronto!

6 Comments

  • Då kan kanskje vi melde at vi har tatt over huset i Volda, og ser fram til snøfattige vintrar igjen!!!!

    Comment | 1. april 2009
  • Olav

    Vi er svært nøgde med at Hagevegen 45 blir i familien og reknar med å bu der i feriene. Det er ein del av avtalen.

    Comment | 1. april 2009
  • Nå ble Sofie sint. Hun kommer aldri på besøk igjen! 🙁

    Comment | 1. april 2009
  • Eirik

    aprilsnarr!!!!!!!!!!!!!! eirik god påske

    Comment | 1. april 2009
  • Øygunn Eiksund

    Den var god. Spesielt det med snøfri oppkjørsel.

    Comment | 1. april 2009
  • Synnøve Eiksund

    Det var litt dumt at det var for «godt» til å vere sant! 😉 Vi hadde nesten begynt å glede oss til å reise på feriebesøk til dykk!

    Comment | 1. april 2009

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker