apr
25
2009

Arkeologi

Så er vi i gang. Søvik skule skal realiserast, rett nok nokre månader etter opprinneleg plan. Og for å få starte bygginga som no er planlagd til 1 juni må vi først finne ut kva som skjuler seg under bakken. Der har vist budd folk lenge i Søvika. Fram til no har vi funne både gravrøyser, kokegroper og vassleidningar. Når vi hadde oppstartmøte denne veka kom det nokre journalist-spirer frå skuleavisa og foretok grundige intervju. Nokre av elevane var bekymra over kva som ville skje dersom vi fann noko. Ville det føre til at skullen ikkje vart bygd likevel? Dei smilte godt når dei vart beroliga.

Ei av gravrøysene

Nokre av bøndene går rundt og humar fordi dette er steinar som etter deira syn er blitt samla opp i forbindelse med nydyrking. Arkeologen gav dei litt rett i det, angåande det øvste steinlaget, men han er sikker på at han finn det han er på jakt etter. Dessutan må eg gi han rett i av steinmassane vart litt mekeleg plassert – midt i åkeren liksom. Finne noko spanande – vi får sjå – det har skjedd før at der har vore nokon å henta ut eventuelle verdier tidlegare. Onsdag har eg tillyst folkemøte så då får vi siste nytt. Saka vert oppdatert.

Written by Bertil Skaar in: Nyhende | Stikkord: , , ,

4 Comments

  • Så spennande det er i Brattvågen! Vi gler oss til vidare informasjon og trur gjerne på dei mest fantastiske historiene! 🙂

    Comment | 25. april 2009
  • Vi også! Fantastisk til det er grundig motbevist! Oppsamla steinar i åkeren liksom…..

    Comment | 25. april 2009
  • Sveinung Øystein Eiksund

    Ah. Dette vekkjer til live gamle arkeologinteresser hos meg! Ein steinhaug er ikkje alltid berre ein steinhaug. Eg hugsar at eg tidlegare var veldig interessert om kva som kunne skjule seg under Skorgeura. Såvidt eg veit er ikkje det mysteriet løyst enno heller…

    Comment | 27. april 2009
  • Synnøve Eiksund

    No er det gått ei veke sidan Bertil la inn rapport, og arkeologane er komne mykje lenger. Dei har funne minst tre gravrøyser i det først området, og nett no avdekker dei det som skal bli tomta til den nye skulen. Her er det såpass omrota og øydelagt at dei er usikre på om dei finn noko.
    Lenger nede (ca 10 m.o.h) ligg strandvollen som dei leitar etter steinalderbuplassar på. her driv dei no og grev ut stikkprøver før dei skal skale av overflata med gravemaskin. Eg traff ei dame som vaks opp på denne garden, og ho sa at bestefar hennar sa at «det var noko» i det området, og dei har funne flint og piler der før.
    Vi kjem tilbake med bilete.
    på desse to adressene kan de lese meir om det som er funne før.

    http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_moreogromsdal.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=110373&spraak_id=1&ptype=single

    http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_moreogromsdal.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=110375&spraak_id=1&ptype=single

    Comment | 4. mai 2009

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker