jan
22
2008

Nyesida og litt til.

Som kanskje nokon har merka har det vore nokre små problem med nyesida siste dagen. Problemet går ut på at systemet som passar på at ikkje uvedkomande får tilgang ikkje var fullt ut kompatibelt med siste versjonen av WordPress.

Slik eg har fått det til å virke no så må du endre «Post level» like under «Lagre»-knappen frå «Public» til «0» for at postinga skal vere privat. Håpar ikkje dette byr på så store problem. Ring å spør dersom dette skulle vere ulkart.

Elles står flyttefoten snart for døra og eg vender nasen og resten av kroppen med nordover til Tromsø. Håpar ryggen og arbeid ordnar seg der oppe. Blir nok utan breiband nokre veker så «flyttemeldinga» med bilete og slikt kjem nok ikkje før tidlegast 5. februar, men de får smørje dykk med tolmod så lenge.

Written by Administrator in: Nyhende | Stikkord:

1 kommentar

  • Gunnhild Elisabeth Øierås

    Gler meg til flyttemelding og bilete frå nord. Lykke til med flytting!!

    Comment | 23. januar 2008

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker