jun
08
2009

Om merkelappar …

Som dei faste lesarane av Eiksund.net kanskje har oppdaga, finns det ei spesialteneste for dei som ønskjer å leite i gamle nyheiter. Tenesta er derimot avhengig av deg som journalist for at ho skal fungere!

Funksjonen "Stikkord" merka med raudt

Funksjonen "Stikkord" merka med raudt

På framsida er tenesta tilgjengeleg som «Merkelappar». Desse merkelappane må du som skribent leggje inn medan du skriv artikkelen, og du gjer det lett ved å skrive inn ordet du ønskjer å merke teksten med i ruta til høgre på skjermen med overskrifta «Stikkord». Stikkord som er brukt flest gonger dukkar opp på framsida av nettstaden med noko tjukkare tekst enn andre stikkord. Akkurat no er som de ser «Øyvind», «Gunnhild», «Trondheim» og «Volda» dei mest brukte merkelappane.

Eg har, frimodig som eg er, tatt meg til rette å merka nokre tidlegare nyheiter. Sjå gjerne igjennom og sjekk om de er einige med merkinga, og merk gjerne litt meir om de syns det må til – så blir det lettare å finne gamle nyheiter om favoritttemaet sitt 🙂

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , ,

2 Comments

  • Sveinung Øystein Eiksund

    Takk for instruksjonen. Eg skal prøve dette ved neste oppdatering frå denne kanten.

    Comment | 9. juni 2009
  • Bra! Det kjem nok ei nyhende frå Storgata 50 snart, og reknar med å nytte merkelappar som peis, oppvaskmasin, mage, hage og andre favorittema 🙂

    Comment | 10. juni 2009

RSS feed for comments on this post.

Sorry, the comment form is closed at this time.

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker