mar
29
2010
3

Ole på Vinmonopolet… del 2

Alle Barna med singlen "Ole på Vinmonopolet"

Alle Barna med singlen "Ole på Vinmonopolet"

(Volda:) Som nok dei fleste har fått med seg: Når Tobias er besøk i Volda, skjer det spennande ting. I Vinterferien laga han, Mathilde, Eirik og Idun ei flott låt, og med god hjelp av Øyvind vart denne spelt inn og mangfaldiggjort, mellom anna her på Eiksund.net

Men det stoggar ikkje der…

(more…)

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , , ,
okt
29
2009
5

Pollyboy!

Mamma og pappa er ute og handlar, og dermed er dei 3 eldste barna i familien Sjøhelle/Eiksund aleine heime. Eirik , som er den nest eldste av barna, sett ein av legofolka sine i den nye polly-vannsklia til Idun, og den sklir ned i ei stor fart. Dette sett Mathilde, som er den eldste av alle søskena, på ein ide:»vi lage en film da!» Dette vert fulgt av stor begeistring frå dei andre to, og dei sett i gong:

Som dokke kanskje ser i filmen, så er alt satt saman av bilete. Desse bileta er tatt med Mathildes nye kamera, og dei er tatt av ho. Men det treng ikkje å bety at dei andre ikkje har deltatt; det var Eirik som ga ideen, det er hans lego, og mange av ideane er fra han. Og når det gjeld Idun, så er det hennes polly, ho har vore med og bestemt namn på figurane, og det aller siste biletet var hennar ide, dessuten tilhøyrer blant anna hovudpersonen ho.

» Det har tatt ei stund og lag filmen», fortel Mathilde:» vi har tatt alle bildan, så har vi lagt bildan inn på PCen, og til slutt redigert den» seier ho vidare, » men den blei no færdig til slutt, og det e det viktigste.» Og det er vi einige i, her er filmen:

pollyboy

Written by Mathilde Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , ,
okt
14
2009
3

Å følgje med på kva som skjer…

Mathilde bloggar...

Mathilde bloggar...

(Gran Canaria:) For å halde kontakten med kjende og kjære heime i Noreg, har Mathilde og Eirik starta kvar sin vesle blogg. Dei som vil sjå kva dei skriv, kan følgje bloggane deira:
Eiriks Kanaria og Canariailde

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , ,
sep
23
2009
3

…og så tek vi av mot Syden

(Volda:) Med seks veker farskapspermisjon til overs og Kristin med eit arbeid som høver for heimekontor, tek familien i Nesavegen turen til Gran Canaria denne hausten. Ungane (dei tre største av dei) skal gå på den norske skulen i området (www.colegio.no), medan Sigurd og pappaen skal vandre kvilelaust omkring blant solfylte strender og slitne kaffibarar.

(more…)

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , , , , , , ,
apr
01
2009
6

Flyttar til varmare strok…

(Volda:) Etter ein skuffande lite snørik vinter, har familien på seks i Volda bestemt seg for å flytte til varmare strok. Planlegginga har pågått ei stund, under dekke av sydentur, men no let det seg ikkje gjere å halde tett om det lenger, fortel Mathilde i ei pressemelding til Eiksund.net.

(more…)

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker