Usynleg, men vesentleg
I avdelinga «Hjalmar skryt av seg sjølv på Internett» presenterer Eiksundnett i dag kronikken «Usynleg, men vesentleg» som står på trykk i siste nummer av Norsk Tidend. 🙂
I avdelinga «Hjalmar skryt av seg sjølv på Internett» presenterer Eiksundnett i dag kronikken «Usynleg, men vesentleg» som står på trykk i siste nummer av Norsk Tidend. 🙂
(Chicago:) Ein fridag i Midt-Vesten må brukast til fornuftige ting – ein reiser jo ikkje halve verda rundt utan å oppsøkje noko tøft 😉 !
(Volda:) Med seks veker farskapspermisjon til overs og Kristin med eit arbeid som høver for heimekontor, tek familien i Nesavegen turen til Gran Canaria denne hausten. Ungane (dei tre største av dei) skal gå på den norske skulen i området (www.colegio.no), medan Sigurd og pappaen skal vandre kvilelaust omkring blant solfylte strender og slitne kaffibarar.
(Ørsta:) Etter ein dugnad av Hjalmar, Kristin, Per Inge og Øygunn står no garasjen med to strøk raudmåling og skin i sola. Det er tekne nokre bilete av bragda.
Med tid og stunder er det planen å bildelegge nokon meir frå dugnaden. Nokre av bileta er på papirfilm og andre på telefonen, så det tek litt tid. Tusen takk til dugnedsgjengen.
(Volda:) Etter ein skuffande lite snørik vinter, har familien på seks i Volda bestemt seg for å flytte til varmare strok. Planlegginga har pågått ei stund, under dekke av sydentur, men no let det seg ikkje gjere å halde tett om det lenger, fortel Mathilde i ei pressemelding til Eiksund.net.
Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker