jun
08
2009
2

Om merkelappar …

Som dei faste lesarane av Eiksund.net kanskje har oppdaga, finns det ei spesialteneste for dei som ønskjer å leite i gamle nyheiter. Tenesta er derimot avhengig av deg som journalist for at ho skal fungere!

(more…)

Written by Hjalmar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: , , ,
jan
22
2008
1

Nyesida og litt til.

Som kanskje nokon har merka har det vore nokre små problem med nyesida siste dagen. Problemet går ut på at systemet som passar på at ikkje uvedkomande får tilgang ikkje var fullt ut kompatibelt med siste versjonen av WordPress.

Slik eg har fått det til å virke no så må du endre «Post level» like under «Lagre»-knappen frå «Public» til «0» for at postinga skal vere privat. Håpar ikkje dette byr på så store problem. Ring å spør dersom dette skulle vere ulkart.

Elles står flyttefoten snart for døra og eg vender nasen og resten av kroppen med nordover til Tromsø. Håpar ryggen og arbeid ordnar seg der oppe. Blir nok utan breiband nokre veker så «flyttemeldinga» med bilete og slikt kjem nok ikkje før tidlegast 5. februar, men de får smørje dykk med tolmod så lenge.

Written by Administrator in: Nyhende | Stikkord:
jan
02
2008
4

Nytt år – ny heimeside

Uthuset.JPGEtter fleire år er det no på tide med ei oppdatering av nettsidene. Av nytt i det nye systemet kan eg nemne følgjande:

  • Visuell editor for å skrive inn artiklar.
  • Biletbehandlar som mellom anna gjer det mogleg å endre på bileta etter opplasting.
  • Mappestruktur for opplasting av bilete.
  • RSS-straum for nye saker. Det gjer det forhåpentlegvis lettare å følgje med på nettsidene via td. mobiltelefon.
  • Offentleg og skjerma del av nettsidene. Dette vel ein ved hjelp av “Kategori”.
Written by Oddmar in: Nyhende | Stikkord:

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker