Søndag 14. juni inviterte Sunnmørsposten til tur på Melshornet. Fire ørstingar starta trøstig på vegen opp frå Volda. Vi ville i alle fall sjå kor langt vi kom. Det var mange andre kjende og ukjende som passerte Vi rusla oppover og prata med mange.
Etter ei stund stakk to av mot toppen. To tok pause ved Dinglavatnet. På toppen var det fullt av folk. Mest som eit fuglefjell. Då kom telefonen Ei til var på veg mot toppen. Etter ei stund kom ho jammen strevande heilt opp. Flott prestasjon. Vi ser fram til fleire turar i sommar, men kanskje ikkje slett så lange og krevjande kvar gong.