sep
17
2009
13

Vi gratulerer Olav Emil med 19 års dagen!

Olav Emil

Olav Emil er på Folkehøgskule på Voss dette skuleåret. Der litt rart at han ikkje er her slik som vi er vane med. Vi tenkjer litt ekstra på det på i dag når han fyller 19 år. Tobias låner rommet til Olav Emil og  i natt drøymde han at Olav Emil kom heim.
Etter det Olav Emil fortel oss så trivst han godt på folkehøgskulen. Han går på musikklina og har som ambisjon  å spele mykje elgitar. Han tok med seg to gitarar og fela, men etter første veka fekk vi høyre at det var kontrabass som vart hans instrument i det første musikkprosjektet.
Folkehøgskulenpå Voss

Folkehøgskulenpå Voss

Folkehøgskulen ligg nær Voss sentrum fint plassert i eit boligområdet.

Written by Gudmund Reidar Eiksund in: Nyhende | Stikkord: ,

Powered by WordPress. Theme: TheBuckmaker